Om meg

Bildet mitt
Mamma, fru, lektor i statsvitskap, glad og fornøgd blondine som likar livet på landet
Viser innlegg med etiketten grunnmur. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten grunnmur. Vis alle innlegg

lørdag 27. august 2011

Progresjonen...

 Her er Arve Liheim og co iferd med å setja å¨kassettane som grunnmuren skulle støypast i. Jobben tok dei 4 dagar og me prisa oss lukkelege for at me hadde sett dette vekk
 Her er minste Hovlandsrøysen igang med å hamra armeringsjern til søyler inne i huset.

 Fundament til bærevegger inne i kjellaren...
 Oversikt over grunnmuren i all sin prakt
 Her er vårt nemesis i byggeprosessen, bakken bak huset som rasar kvar gong dei grev der, ganske deprimerande då karane hadde gravd opp heile grøfta til drensrøyrer og det same kveld rasa ut så enormt mykje at dei måtte ta att alt og meir til. Her er drensrøyrene på plass og der er bakfylt. No er det klart til å støype forstøtningsmur bak...


 Her er det greve ut grøft til forstøtningsmure, no er det berre å halda pusten for ras...

Ferdig støypt søyle til det som skal bli altan, her har Lindisen køyrt ein ærend til Førde for å handle søylepapprøyr på Biltema.

fredag 22. juli 2011

Me gjer grunnarbeid, støyper plate og byggjer grunnmur

Her er tomta nesten klargjort for plata. Heia Hausen!!
H
 Plata har me gjort på eigeninnsats. Tvillingane, papan og SVein Erik stod på og lagde forskalingane.Well done lads!





 Byggmester Hovland står fram med nye evner:-D
 Her har Lindisen byrja vera med i arbeidet o, på dagen for støyping fekk me hastverk då Svennis fekk lumbagoplager.


 Her er plata støypt og Arve Liheim(den gode naboen) er igang med å gå over plata med helikopter slik at ho blir heilt plan.
 Me har heile vegen bala med rasing frå bakken bak huset, her er eit par dagar etter plata vart støypt...

 Her er Kollsete/Liheim igang med grunnmuren og forskalingssnikkarane i fullt arbeid. På denne dag mottok meog klage nummer 2 på huset vårt frå ein nabo. Me byrjar bli noko leie av den type motgang, men heldigvis blas det over også denne gongen.....

 Kollsete/liheim in action, 20.juli 2011