Desember og juleavslutning. Her sit minsten fint og ser på storebror som står på scena. Stas å vera på julefest i 3. klasse når ein er 4 år!
Juletreet iår, ei flott og ruvande serbergran. Iår kunne me gå for eit høgt tre ettersom me no har god takhøg i stova. Me tykte sjølv treet blei kjempefint og det var desto tristare når det no måtte ryke på 13.dag jul.
Juleferie og Grendacup høyrer saman, her er Stedje City som sleit seg gjennom 5 kampar med like mange og til dels saftige tap. Jammen var det ein heltemodig gjeng som stod på same kor mange mål mot seg dei hadde. Heia Stedje City!!
Her er Gutta Boys klare for julekvelden, pynta i finstasen og forventningsfulle som ein berre kan vera som 8 og 4 åring den 24.desember.
Siste dagen i året vart feira med gamle vener på besøk der store og små heldt ut til godt over midnatt og me fann ut at utsikten frå altanen i nyehuset fint var til å leve med på ein kveld som denne...






