Om meg

Bildet mitt
Mamma, fru, lektor i statsvitskap, glad og fornøgd blondine som likar livet på landet
Viser innlegg med etiketten riving. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten riving. Vis alle innlegg

fredag 22. juli 2011

Riveprosessen

 I desember ifjor kjøpte me bestahuset i Sandbakken. Etter å ha rydda det tomt for innhald i vinter så var me klare for riving i april i år. Her er huset heilt ferdigstilt til riving, me nokre av vinduga fjerna.
 Her er me igang med rivinga. Geir Husum riv med gravemaskin og me sat oppi bakken og var litt triste men og litt spente på den nye prosessen.
Når me opna veggene fann me den gamle tømmerstova som var det opprinnelege huset i Sandbakken. Utfrå den lafta stilen er det anslege å vera frå tidleg 1800 tal. Ettersom desse tømmerveggene var heilt makketne så hadde me ikkje anna val enn å rive heile huset då bærekonstruksjonane var heilt ubrukelege. Artig var det likevel å avdekke det opprinnelege huset samt finne dei gamle vekeblada og magasina frå perioden 1937-1950. Både krigsaviser og anna. Dette har me sjølvsagt teke vare på.
 Her dei igang med å rive ytterste laget med vegg
Der er heile huset er rive men ikkje grunnmurane. Som de kan sjå av bilete var der eit salig kaos med rot som etterpå skulle kjeldesorterast. Her var me aktive med å sortere på ettermiddagstid.