Om meg

Bildet mitt
Mamma, fru, lektor i statsvitskap, glad og fornøgd blondine som likar livet på landet
Viser innlegg med etiketten tak. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten tak. Vis alle innlegg

lørdag 19. november 2011

Tett tak og god helg!

Kranselaget
 Her ser me opp i takhimlingen på huset
 Fredag 18.11 so var taket på huset endeleg tett. Snikkarane stod på for å få det tett til helg. Me kom med vin til dei som takk for innsatsen so langt.. og fordi me har vorte terga med att me måtte stelle istand Kransalag. No hadde verken eg eller mannen høyrt om slikt før, men so har me no heller ikkje bygd hus før. No unngår me iallefall filledokke i taket fordi me ikkje gjorde stas på snikkarane.
 Baksida av huset frå toppen av The Great Wall.
 Her er dei jamvel byrja å plate veggene, så det går fort no...
Huset framanfrå. Eg tykkjer hekst det ser litt kjedeleg og ordinært ut no når glasa ikkje er komne, men når dei er på plass så ser du kor utrulig kult huset kjem til å bli.