Om meg

Bildet mitt
Mamma, fru, lektor i statsvitskap, glad og fornøgd blondine som likar livet på landet
Viser innlegg med etiketten terrasse. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten terrasse. Vis alle innlegg

torsdag 8. august 2013

Sommarprosjektet 2013: Terrasse/Utebod.

Sjefsbasen har brukt mangfoldige av sommarferietimar på Hovlandsrøysiposejkt også i år. No er det 3 sommaren på rad me sysselset han. Det er nesten som ein får dårleg samvit....
Prosjekt utebod er murt ferdig, her er dei igang med aluminiumstaket som skal gjere at det vert tett tak i boden. Lekter er også på plass kome.
Her er gropa som skulle lektast, det har vore eit mismodig syn sidan ifjor men endeleg skjedde det noko her.....
Aluminiumstak frå blikkenslager SVennis og Gamlefar Røysi AS. Eit gamalt tak frå Kinsedalen gjer ny nytte i uteboda vår:-)
I anledning terrassen har AS Hovlandsrøysi og co handla flott kapp og gjærsag på opphøyrssalet på Maxbo, eg kjenner eg er litt spent på når Svennis skal bruke den igjen.....
Her byrjar borda å koma på. Me har investert i Møre Royal terrassebord som visstnok er innkokt i olje som gjer det vedlikehaldsvenleg- det kn ho mor like!!

 Terrassen sett frå naboen.
 Går som de ser heilt rundt huset og vert ca 70 kvm. Uhyre praktisk å få nytta arealet slik!
 Fyrste kveld på terrassen, feiring med Ægir øl:-)
 Happy builders!
Det beste av alt,"the great wall" vart litt mindre ruvande.

Alt i alt så har sommaren 2013 bestått av far ute på jobb og mor inne med kidsa. Eg kjenner at det har vore godt å få far innatt sjølv om resultatet gjer innsatsen verd det. Her skal me kosa oss i mange, mange år framover. Dessutan har me fått gjort litt gøye ting i sommar: Tur/Retur Ålesund på eitt døgn, Borgund i auseregn i 4 dagar og ei veke med knallver i Ålgård. So me e happyog klare for haust!