Her er Røysi Senior og primus motor for prosjektet attmed den fine forstøtningsmuren som er komen opp bak huset eller The Great Wall som den og vert kalle. Per no er muren nærare 3 meter høg og ruver godt bak grunnmuren. Bilete av den ferdige muren har byggmester Hovland enno ikkje fått festa til linsa.
Her er eit av dei mange rasa me har balt med. Men etterkvart vart det faktisk kontrollert rasing som bakfylte bak muren. Så rasing kan faktisk brukast til noko fornuftig!Eit lass med singel som skal brukast som drenerande masse bak The Great Wall.
Her er sålen på huset på plass samt stillaset snikkarane skal bruka. Me var utpå midten av stillaset frampå hin dagen og fekk eit godt inntrykk av korleis det kjem til å sjå ut frå altanen vår:) Det ser bra ut!










