Om meg

Bildet mitt
Mamma, fru, lektor i statsvitskap, glad og fornøgd blondine som likar livet på landet
Viser innlegg med etiketten utleigedel. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten utleigedel. Vis alle innlegg

søndag 12. august 2012

Nytt frå oss...

Her er Røysi senior igang med å flisa over vasken på kjøkkenet, arbeidet pågjekk i tidleg juli rett før me fekk flytta inn.











Lampene er på plass i glaspartiet...











Vaskerom/teknisk rom 
O fagre Strynetrapp

Kjøkkenet er ferdig, juhuuuuu!

Galleriet

Sentralstøvsugaren går kvar dag, far i huset er hekta. Håper det varer lenge:-)

På kvelden kjem dei fine fasadelysa på

Stova, litt gold og uklar men ein begynnelse. Me ynskjer oss ny sofa etterkvart men alt til si tid...

Master of the house

Det nye spisebordet er sjølvsagt forseinka men det gamle duger finfint.

Her har me flytta inn og det blir fort rotete når me ikkje har skap eller oppbevaringsplass

Master bedroom med mini-bed. Me hadde planar om ny seng men det må venta litt...

Frå Ikea, siste rest måtte pakkast på fanger

Forden på Voss, japanske turistar tek bilete av den overfylte bilen. 

Godt det ikkje var kontroll!

Larkins!

Uskarpe bilete frå hybel, her er fellesrom


Soverom



fredag 18. mai 2012

Litt frå hybelen

 Bad nummer 1, med flisa golv finfine baderomsplater som ser ut som flis
 Bad nummer 2; her er det og vaskemasking og teknisk rom.
Bada er kjempestore og gode så me er glade for å få nyte dei littno før me skal overlevere herligheita til studentane og me skal flytte opp på minibada våre.
 Her er det bilete frå stova og inn mot kjøkkenet og det eine soverommet. Fotografen(les Svein Erik) har ikkje som ein vanligvis gjer i bloggverdenen rydda slik at heimen ser plettfri ut- men sidan den nyaste trenden er å vise fram heimen slik den er så gjer me akkurat det:-)
 Her ser de inn på kjøkkenet.
 Her er leiligheita rett før me kom flyttande med alt pakket vårt...
Her er stova. Romsleg og fin.

fredag 17. februar 2012

Decisions, decisions....Check!

Idag har mor i huset hatt fridag og som vanleg på fredagane har mor starta dagen med ei lengre møte på Nordbohus. Idag var det vel ny rekord med nærmare 3 timar med møte..Har bestemt alt på kjøkken i utleigedel og alt til kjøkkenet vårt. Er ganske nøgd med det. Vidare har me avslutta dagen med å handle vinylbelegg til kjellaren til 50%. Det er dette Albi-belegget frå Tarkett Extra i gangen på utleigedel og denne classical oak- grey til resten av utleigen. Er SO fornøgd med å ha fått eit godt, slitesterkt og vasstett belegg til ein meget god pris. Smiler nesten rundt. Me har tenkt lenge på om me skulle gå for laminat eller belegg i utleigedel, men eg er trygg på at dette er det luraste i det lange løp for oss. God stemning i heimen med andre ord. God helg!