| Idag har mor i huset hatt fridag og som vanleg på fredagane har mor starta dagen med ei lengre møte på Nordbohus. Idag var det vel ny rekord med nærmare 3 timar med møte..Har bestemt alt på kjøkken i utleigedel og alt til kjøkkenet vårt. Er ganske nøgd med det. Vidare har me avslutta dagen med å handle vinylbelegg til kjellaren til 50%. Det er dette Albi-belegget frå Tarkett Extra i gangen på utleigedel og denne classical oak- grey til resten av utleigen. Er SO fornøgd med å ha fått eit godt, slitesterkt og vasstett belegg til ein meget god pris. Smiler nesten rundt. Me har tenkt lenge på om me skulle gå for laminat eller belegg i utleigedel, men eg er trygg på at dette er det luraste i det lange løp for oss. God stemning i heimen med andre ord. God helg! | ||||||||
Om meg
- Linda
- Mamma, fru, lektor i statsvitskap, glad og fornøgd blondine som likar livet på landet
fredag 17. februar 2012
Decisions, decisions....Check!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar