Om meg

Bildet mitt
Mamma, fru, lektor i statsvitskap, glad og fornøgd blondine som likar livet på landet

lørdag 9. juli 2011

Me skal byggja draumehuset

http://www.nordbohus.no/nexus

Med skrekkblanda fryd har me etter 2 års planlegging måtte konstatera at de blir ikkje renovering av bestahuset, det blir ikkje eigenteikna prosjekt a'la Eirik Røysi men det blir derimot eit splitrande nytt og flott Nexus som me har drøymt om sidan fyrste gong me opna ein huskatalog. Det er nesten ikkje til å tru at det var dette me skulle enda opp med sidan me lenge var så skråsikre på at det skulle verta eit anna resultat. MEN me har rive bestahuset(bilete kjem seinare) i april månad. Deretter har me kjeldesortert til den store gullmedalje og levert til gjenvinning. Når me no skriv starten på juli månad er me no i gong med å utgraving av tomta og den er i ferd med å verta klar for forskaling og platestøyping. Her på bloggen skal eg oppdatera litt etterkvart om progresjon i byggeprosessen, både for å dokumentere for oss sjølve men også for at dei som vil følgje oss i prosessen kan vera med å sjå kor det går. Me gler oss!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar