Om meg

Bildet mitt
Mamma, fru, lektor i statsvitskap, glad og fornøgd blondine som likar livet på landet

tirsdag 4. oktober 2011

Snikkarane kjem


Denne veka kjem snikkarane til oss og byrjar rigge seg til. Frå neste veke av er det endeleg byggeaction i huset. Det har vore action i lang, lang tid av Røysi senior og Hovlandsrøysen sjølv der dei har mura ein 2,5 meter høg forstøtningsmur bak huset. Den minner litt om den kinsesiske muren. Muren bak huset er forøvrig kjempefin med minitrønderblokk og det har danna seg ein fin platting på baksida av huset slik at me kan planta frukttre eller bruke som uteplass dersom me ynskjer det. Men det skal stikkast under nokon stol at det skal bli spennande når huset byrjar reise seg. Ikkje lenge att no:-) Til jul reknar dei med at heile skalet skal vera på plass og me kan begynne inne i kjellaren. Eg er så smått begynt å tenka på det innvendige men veit det er langt fram enno.

Me har bestilt ferdigmalte bord slik at huset vil vera malt med eitt strøk samt grunning når det vert reist. Vil difor sjå ganske ferdig ut med ein gong, så får det bli sommarferieputl neste år å mala huset ein gong til! Ellers så ligg me bra an budsjettmessig, reknar med at den kjensla kjem til å gå over etterkvart. Men me nyt han no so lenge me har han. Hausen var iallefall eit sjakktrekk å hyra inn, godt arbeid til ein bra pris! Grunnarbeidet var jo hakket mei omfattande enn me rekna med så at det skulle slå slik ut er bra. Jupp, jupp. No er det berre å gle seg til Geir og Geir Arne kjem og byrjar snikkedera. Då skal det visast bilete!! Me må og få publisert noko på The Great Wall:-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar