Om meg

Bildet mitt
Mamma, fru, lektor i statsvitskap, glad og fornøgd blondine som likar livet på landet

torsdag 8. mars 2012

Eigeninnsatsintensiv att

Frå vinterferien har karane jobba alle ledige stunder for å få unna isolering av golva i utleigedelen samt plate den slik at den skal verta klar for golvbelegg. Det har vore travle veker for alle, men no er det over for no. Under er innsatsen søndag der det kun mangla ei kvart plate for å kome heilt i mål. Me har lagt sokalla flytande golv, altså isolasjon med sponplater på utan påstøyp. Førebels er me svært nøgde med denne løysinga då me har fått behagelege golv med fin svikt og ikkje så harde å gå på.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar