Om meg

Bildet mitt
Mamma, fru, lektor i statsvitskap, glad og fornøgd blondine som likar livet på landet

tirsdag 15. mai 2012

Nyinnflytta og nettlaus

 
Me har flytta på hybel i vårt eige hus og det er ganske storslagent. Ikkje å bu på hybel men å bu i eige hus... Her har me fått det ganske så triveleg sjølv om det nok har vore ein overgang å flytte inn att i mindre lokalitetar enn eit heilt hus. Rart kva ein vert van med. Eg har lenge planlagt å legge ut litt nye bilete både frå hybelen og frå romma oppe som etterkvart er byrja få både dukog maling på veggane. Soveromma er ganske snart ferdigmalte. Denne veka ventar me på tapetane som skal opp på veggen på soveromma. Her går ettermiddagane stort sett til sparkling, pussing og maling. Så me har nok å henge fingrane i. Me har forøvrig ikkje fått lagt inn nett heller, per no så surfar me på onkelen sitt nettverk med ein strek styrke. Dei kjem og ordnar det på fredag så då blir det truleg sving på sakene. Imens kan me kose oss over fine hortenisa, min favorittblome for tida:-)






2 kommentarer:

  1. So kjekt å flytta i eige hus. Gratulera!Gleda meg te å sjå bilete fra resten av kåken;-)Hortensia is da shit!Love it

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei snuppelina og takk for kjekk kommentar. Jammen er det moro med hus ja, sjølv om det er mykje jobb. Eg har planar om å få ta litt bilete av kåken i helga- men kvar pakka eg ned kamera? Livet i pappboks er ikkje sjarmerande veldig lenge, men enneo større grunn til å stå på med å få det ferdigt:-) Stor klem til deg!

      Slett