Årets jonsokfeiring fann stad i Kinsedalen og for ein triveleg start på avspaseringa, eit kjempebål av drivved og gamle restar etter Dagmar samt tilårskomne senger og madrasser lyste opp heile Røysi og varma liten og stor. Nokre vart so varme at dei stupte i fjorden...
Bålet svei av både epletre og stikkelsbærbusker som stod i nærleiken men brannmannen hadde god kontroll på brenninga, trur me...
I byrjinga varma det godt å stå inntil, men etterkvart-
laut me trekke lenger unna så varmen vart so intens. Ein kjempefin start på ei forhåpentlegvis tradisjonsrik feiring av jonsok i Kinsedalen.




Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar