Valet var ikkje vanskeleg då me skulle velge ovn i nyehuset, eg fall umiddelbart for Jøtul 373 då me kom til ovnbutikken. Ein ovn med lekker design. No visste me vel at me strengt tatt ikkje kom til å ha bruk for vedovnen så mykje ettersom me installerte ei ganske kraftig varmepumpe men eg hadde lyst på ein fin ein og fekk viljen min:-) Igår testa me vidunderet for fyrste gong, det var ein heftig stank av lakk som det gjerne er fyrste gongen ein fyrer med ny ovn og me rota litt med spjelda som resulterte i ein del røyk som slo inn men etter litt prøving og feiling var me igang. Varmen frå vedovn er uslåeleg og eg gler meg til å ruge framfor denne utover vinteren. NO manglar det berre eit par rugestolar som kan stå framføre ovnen!
.jpg)
Arti!
SvarSlettHar du eit bilete av den i dagslys, så eg kan studira og vurdira og kanskje invistiiiira sjølv i ein slik ein :)