Om meg

Bildet mitt
Mamma, fru, lektor i statsvitskap, glad og fornøgd blondine som likar livet på landet

tirsdag 13. november 2012

Den nakne stova

Etter at den verste spikarangsten har gitt seg så har eg fått opp nokre bilete i nyehuset. Nålauga for å kome opp på veggen er ganske så trangt så det er ikkje kva som helst som får pryde dei glatte fine veggane. Difor er eg byrja leita etter noko som kan passe inn i den litt nakne stova vårt- det er alltid lov å drøyme og idag drøymer eg om dette biletet "Min trygge favn" av Bjørg Thorhallsdottir. Me fekk eit bilete va denne kunstnaren til bryllupet vårt og eg tykkjer ho er fabelaktig flink.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar