Om meg

Bildet mitt
Mamma, fru, lektor i statsvitskap, glad og fornøgd blondine som likar livet på landet

tirsdag 22. januar 2013

Til inspirasjon..


Eg kan!


Eg skriv ikkje fint, eg les ikkje fort, 
Så meg er det lett nok å terge.
Men gjeld det å springe av stad som ein hjort,
Å dukke i elva
Og klatre i berget –
Jau det kan eg greie, ja d et går nok an
Om nokon vil seie dei trur at eg kan!

Eg somlar og rotar, sit aldri i fred,
Eg får nok aldri ferdig ei lekse.
Men gjeld det å lokke ei mor til å le, 
Ein hund til å danse,
Ein blome til å vekse –
Jau det kan eg greie, ja det går nok an
Om nokon vil seie dei trur at eg kan!

Eg greier mest aldri å fange ein ball, 
Eg spring nok, men stega er tunge, 
Men gjeld det å stelle ein hest i ein stall, 
Ein sjuk i ei seng
Og ein ørliten unge –
Jau det kan eg greie, ja det går nok an, 
Om nokon vil seie dei trur at eg kan.


Ingvar Moe


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar