Om meg

Bildet mitt
Mamma, fru, lektor i statsvitskap, glad og fornøgd blondine som likar livet på landet

fredag 7. juni 2013

Byggetrinn 2: Uteområdet

 Her er gutta igang med støyping av plate til utebod. Bildet er teke frå skyvedøra i glas som etterkvart skal føre ut på ein terrasse. Terrassen kan imidlertid ikkje realiserast før det er blitt ei bod under, og det er me igang med no. Yay!
Støypinga var relativt effektiv ettersom me bestilte ferdig betong levert med pumpebil for å spare oss for tid og arbeid. Iløpet av ein og ein halv time var jobben gjort og me kunne farte vidare på kamp med Jakoben.

 Kry støypeassistent:-)
Og eit lite bilete av sola vår Sara. Vårt 3 og siste mesterverk:-D

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar