Eg tykkjer dette er berre superfint med det grafiske mønsteret og i plast, må jo berre passe på den veggen vasken er for å skjerme golvet. Dette trur eg må bli ei vårinvestering:)
Om meg
- Linda
- Mamma, fru, lektor i statsvitskap, glad og fornøgd blondine som likar livet på landet
torsdag 10. januar 2013
tirsdag 8. januar 2013
Bilderas- desember
Me har fått på plass gyngestolen etter oldemor Sara, den har fått heidersplass inne stovekroken. Denne er utskoren for hand av broren til oldefaren som sat i rullestol heile livet og jobba som treskjera. Minsten har stor sans for gyngestol og Spidermanblad.
Ein kveld før jul tok me ungane med på hovelykttur oppi skogen bak huset. Me tok med oss kvelds, pølser og laga bål som me grilla pølsene våre på samt hadde kakao. Ein liten og overkommeleg tur i ei tid med mykje innekos, det sette både ungane og me pris på.
Desember og juleavslutning. Her sit minsten fint og ser på storebror som står på scena. Stas å vera på julefest i 3. klasse når ein er 4 år!
Juletreet iår, ei flott og ruvande serbergran. Iår kunne me gå for eit høgt tre ettersom me no har god takhøg i stova. Me tykte sjølv treet blei kjempefint og det var desto tristare når det no måtte ryke på 13.dag jul.
Juleferie og Grendacup høyrer saman, her er Stedje City som sleit seg gjennom 5 kampar med like mange og til dels saftige tap. Jammen var det ein heltemodig gjeng som stod på same kor mange mål mot seg dei hadde. Heia Stedje City!!
Her er Gutta Boys klare for julekvelden, pynta i finstasen og forventningsfulle som ein berre kan vera som 8 og 4 åring den 24.desember.
Siste dagen i året vart feira med gamle vener på besøk der store og små heldt ut til godt over midnatt og me fann ut at utsikten frå altanen i nyehuset fint var til å leve med på ein kveld som denne...

tirsdag 27. november 2012
Desemberplanar...
Snart er det tid for peparkakebakst, iår trur eg at eg skal prøve meg på Den Gode Feen si oppskrift. Husa hennar er KJEMPEfine. Det passar forøvrig eldstemann godt at dei er dekorerte berre med melis ettersom han ikkje likar godteri. Minsten derimot, spørs om me må lage eitt hus til kvar...Får sjå kor kreftene strekker til. Store magen har det berre bra, det er ei aktiv lita tulle der inne som held eit svare leven spesielt når ein skal legge seg om kvelden..Gler oss til desember med innekos og førjulsaktivitetar. Er på det nærmaste ferdig med julegåvene og ser at det kan avlaste litt ein ellers travel desember månad. Iår må me berre ta det litt roleg og det kan bli veldig deilig.
http://dengodefeen.blogspot.no/2011/12/mal-til-pepperkakehus-mm.html
mandag 26. november 2012
Planlegging
Eit godt tips til barnedåp, eit lite stykke fram men dog...det er lov å planlegge og gle seg:-)
http://www.marthastewart.com/265163/pom-poms-and-luminarias-how-to
http://www.marthastewart.com/265163/pom-poms-and-luminarias-how-to
torsdag 22. november 2012
Helgetur til Bææærgen
God helg på forskot!
mandag 19. november 2012
YESSSS, ny bil
Etter at Forden lenge har vore i ferd med å takke for seg så har me kjøpt ny bil. Ein 2011 modell Toyota Verso. Det fine med denne bilen er at den rommar 7 stk viss behov og det kan jo vera fint framover. Vidare er der god plass til ungane og til tre bilseter i baksetet. Den er fleksibel og praktisk om ikkje noko fartsvidunder eller fryd for auge. Me er kjempenøgde og gler oss til helga når me skal få den for godt. Og Forden- den er gått over til dei evige jaktmarker og me fekk att ein skiboks for den:-)
tirsdag 13. november 2012
Den nakne stova
Etter at den verste spikarangsten har gitt seg så har eg fått opp nokre bilete i nyehuset. Nålauga for å kome opp på veggen er ganske så trangt så det er ikkje kva som helst som får pryde dei glatte fine veggane. Difor er eg byrja leita etter noko som kan passe inn i den litt nakne stova vårt- det er alltid lov å drøyme og idag drøymer eg om dette biletet "Min trygge favn" av Bjørg Thorhallsdottir. Me fekk eit bilete va denne kunstnaren til bryllupet vårt og eg tykkjer ho er fabelaktig flink.
Abonner på:
Innlegg (Atom)